Til tenester og tilbod

Rom og utstyr

PCar, internett og kopimaskin

Biblioteket har datamaskiner som våre brukarar kan nytta, gratis trådlaust internett og kopimaskin.

PC og skrivar
Foto: Voss bibliotek
PC og skrivar
Foto: Voss bibliotek
PC og skrivar
Foto: Voss bibliotek

På biblioteket kan du bruka våre publikumsPCar, nytta internett og bruka kopimaskina til utskrifter, kopiering og å skanne dokument. Det er også mogleg å få "rett kopi" av originaldokument.

Internett

Biblioteket har gratis trådlaust nettverk. Nettverket og passordet får ein i biblioteket.

Datamaskiner

På biblioteket har me tre PCar som våre brukarar kan nytta. Ein av desse PCane blir nytta til å lesa i PressReader.

Kopimaskin

Ein kan få hjelp på biblioteket til å ta utskrifter, kopiera og skanna dokument. Biblioteket sine tilsette kan også bekrefta rett kopi på originaldokument.

Ein må betala for utskrifter. For A4 kostar det kr. 3,- per sida svart/kvitt, og kr. 6,- per sida som er med farge. For A3 kostar det kr. 6,- per sida svart/kvitt og kr. 12,- per sida med farge.

"Rett kopi" er ei stadfesting av at kopien er identisk med originalen. Me kan ta rett kopi når det ikkje er tvil om at det er eit originaldokument som skal kopierast.

Om ein har eit originaldokument der ein ynskjer rett kopi av, kostar det kr. 7,- for rett kopi-stempel.

Å skanna dokument er gratis.

Diverre tek me for tida berre kontantar.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content