Til arrangement

Boksamtale med Nils Rune Langeland

Litteratur og forteljing
Vaksne

Kom og høyr Nils Rune Langeland i samtale med Nils Kvamsdal

Legg til i kalender
Bilete av historikar Nils Rune Langeland
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Bilete av historikar Nils Rune Langeland
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
Bilete av historikar Nils Rune Langeland
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Gratis - inga påmelding

Dato

tys 10. september

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Nils Rune Langeland er utdanna historikar med doktorgrad frå Universitetet i Bergen.

10. september kan du høyra Nils Rune Langeland i samtale med Nils Kvamsdal om den nye boka hans, Frihetens grense – En reise langs Natos nye frontlinje.

Grensa mot Russland er blitt ei grense mellom krig og fred. Gjennom tre månader har Nils Rune Langeland reist frå Kirkenes i nord til Georgia i sør, og skrive ei personleg og essayistisk reiseskildring med historiske djupdykk i eit nytt grenseland.

I Frihetens grense analyserer historikar Nils Rune Langeland den eksistensielle utryggleiken som har oppstått i Europa, og undersøkjer korleis notida er knytt til historie og geografi.

Nils Rune Langeland er tidlegare nominert til Brageprisen foressayet og reiseskildringa Noreg. Langeland har òg skrive Europa – ei krossferd og Siste ord. Høgsterett i norsk historie 1814–1965.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content