Evert Taube i ord og tonar
Den gode melodi kjem til biblioteket og spelar kjente og kjære viser av Evert Taube.
Gratis - inga påmelding
Det vert sagt at Evert Taube er meir populær i Noreg enn i Sverige. Stadig nye artistar plukkar opp songane hans og bidreg til at visediktaren kjennes like relevant i vår tid. Visene inneheld vakre kjærleikserklæringar, ikkje berre til kvinner, men til kystkultur, gastronomi, eksotiske reisemål, musikk og menneskjebnar. Dei levande dialogane og spanande historiene hans gjer at Evert Taube kjennes tidlaus. Musikken han komponerte kler tekstane som hand i hanske. Den gode melodi kjem og spelar nokon av dei mest kjente visens hans, som «Rosa på bal» og « Så skimrande var aldrig havet», men dei har også tatt med mindre kjente viser som «Vals i Valparaiso» og «Kom i min famn». Som vanleg er visene i førestillinga bunde saman med historier om livet hans.