Føredrag med Anita Østerbø, Skammens mødre

Litteratur og forteljing
Vaksne

Skammens mødre - ein trilogi om åleinemødrenes tøffe kamp

Anita Østerbø
Foto: Agnete Brun
Anita Østerbø
Foto: Agnete Brun
Anita Østerbø
Foto: Agnete Brun

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 6. mars

Tid

19:00 - 20:00
Legg til i kalender

Anita Østerbø har skrive Skammens mødre-serien. Dette er tre bøker om åleinemødrenes tøffe kamp frå femtitalet og fram mot åttitalet.

Alle bøkene byggjer på sanne historier. Handlinga er for det meste i Bergen og tek for seg forfattaren si mor, dei fire venninnene og borna deira.

Bøkene tek for seg viktige tema som skam, ting som ikkje vert snakka om, sosial ulikskap og kvinnekamp. Me kjem på innsida av barneheimane, føl adoptivborna og vert vitne til partnervald og kampen om borna. Men me kjenner også på styrken og gleda i venskapet mellom dei fem venninnene.