Til arrangement

Forfattarbesøk med Anders Totland

Litteratur og forteljing
Vaksne

Anders Totland tek turen til Granvin bibliotek

Legg til i kalender
Bilete av Anders Totland
Foto: Sara Berntsen
Bilete av Anders Totland
Foto: Sara Berntsen
Bilete av Anders Totland
Foto: Sara Berntsen

Gratis - inga påmelding

Dato

tys 1. oktober

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Kulturbanken i Granvin

Då romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom for eit par år sidan, vart forfattaren Anders Totland samanlikna med Arto Paasilinna og Fredrik Backmann – «Til jord skal du bli» gjekk rett inn på den nasjonale bestseljarlista og vart selt til fleire land. Til og med film skal det bli av denne historia (det kan vi godt sjå for oss!)

No er vestlendingen klar med ein nokså frittståande oppfølgjar: «Til døden skil oss». Det heile er ellevilt; humor, spenning og varme sydd saman til ei burlesk historie frå ei bygd der alt kan skje. Og det skjer.

Anders Totland er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka VindmøllekampenHistoria om eit folkeopprør.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content