Til arrangement

Forfattarsamtale med Eivind Riise Hauge

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Eivind Riise Hauge snakkar om den nye boka si, Halvard Borges Forbrytelser

Legg til i kalender
Bilete av Eivind Riise Hauge
Foto: Eivind Senneset
Bilete av Eivind Riise Hauge
Foto: Eivind Senneset
Bilete av Eivind Riise Hauge
Foto: Eivind Senneset

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 3. oktober

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Fengselsfuglen Rorgen vaknar langsamt opp i ei sjukeseng. Politiet ønskjer han snarast mogleg tilbake bak murane, men legane frårår flytting. Gjennom vindauget ser han regnet som piskar og den sleipe, grove stien mot Ulriken.

I korridoren utanfor står litteraturvitar Thomas Larsen, som nyleg har overtatt forskingsprosjektet «Strafferettens forteljingar» ved Universitetet. Kva rettsvern har dei eigentleg, serieforbrytarane og gjengangarane? Kva vekt vert lagt på dei tidlegare straffedømde sine forklaringar i retten, dei som ikkje har ordet i si makt?

Etter Thomas’ syn er Rorgen førehandsdømt, ein mann som aldri har fått ei rettferdig behandling i rettsvesenet. Rorgen sjølv vert ei besetting, Rorgen si sak sjølve krona på verket for prosjektet. Om Thomas no berre får snakka med han.

I denne frittståande romanen møter me att Rorgen frå Korrektur av et sorgens kapittel, men boka er like mykje historia om Thomas Larsen, om klasse og rettsvern og eit prosjekt som truar med å knele under sin eigen tyngde.

Eivind Riise Hauge jobbar på biblioteket i Bergen fengsel ved sidan av forfattaryrket. I Korrektur av et sorgens kapittel, tek han oss med inn bak murane der vi møter fengselsfuglen Rorgen. Romanen gir eit rått og realistisk portrett av ein innsett, og ei stemme til ei gruppe som sjeldan blir høyrde.

I Voss bibliotek møter du Eivind Riise Hauge i samtale med bibliotekar og formidlar Silje Solstad

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content