Halvor Folgerø om Ferjefolket
Halvor Folgerø kjem og snakkar om den nye boka si, Ferjefolket
Gratis - inga påmelding
Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten me likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.
I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.
Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.
Etter foredraget blir det høve til å kjøpa signerte bøker.