Til arrangement

Kulturtreff

Musikk og konsert
For alle

Halldis Moren Vesaas sine tekstar med musikk til

Legg til i kalender
Bilete av Synneva Gjelland
Bilete av Synneva Gjelland
Bilete av Synneva Gjelland

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 5. desember

Tid

11:30 - 12:30

Stad

Voss bibliotek

Synneva Gjelland med band er ein konstellasjon som med speleglede og stor formidlingsevne, har pusta nytt liv i eit knippe av Halldis Moren Vesaas beste tekstar. Det er kjende og kjære tekstar, men også nokre meir ukjende gullkorn som har fått ny musikalsk drakt. Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren og er òg vokalist og gitarist i bandet Sliteneliten. Med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane og forteljingane ho kjenner seg heime. Ein oppvekst på eit gardsbruk på Voss med skrøner og folkeviser i gode lag og felespel ved store og små merkedagar har sett sitt preg på musikken ho lagar. Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet på Voss med fela på ryggen og songane på lur. Med seg har ho Sam Baxter, ein young and promising folkemusikar, som dei seier i England der han kjem ifrå, Johanna Seim som kom frå Berlin til Rauland for å spele norsk folkemusikk, og Pål Jørgen Volan som omsider bytta ut bossa nova med rudl og springar.

Synnøve Gjelland - Song, piano, gitar, fele & komposisjon Sam Baxter - Fiolin Johanna Seim - Hardingfeler Pål Jørgen Volan - Bass

Den fyrste torsdagen i månaden inviterer me til kulturtreff i biblioteket i Voss kulturhus for dei eldste og yngste i heradet!

Eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, biblioteket og Voss frivilligsentral.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content