Notelangs: Musikk og parkinson
Kjetil Vikene, doktor i kognitiv nevrovitskap, i samtale med pianist Annabel Guaita
Gratis - inga påmelding
Me har lenge visst at rørsle til musikk og rytmar har ein svært positiv effekt på dei fysiske symptoma hos personar med Parkinson: Å kunne vera i musikken gjer at mange opplever at dei får betre kontroll over bevegelsane, der taktfaste rytmar tilbyr eit slags "stillas" som ein kan støtte seg på.
Kjetil Vikene leier no eit større forskingsprosjekt som tar sikte på å undersøke nevrologiske, kognitive og emosjonelle effektar der menneske med Parkinson si sjukdom lærer å spele trommer. Dei undersøker om tromming gir pasientane betre koordinasjon i armar og bein. Vikene er òg utdanna litteraturvitar, skriv om musikk for Ballade og om fagbøker for Forskerforum. Han har tidlegare syssla som essayist, omsetjar og skjønnlitterær bokmeldar.
Notelangs er ei serie kritikarsalongar, utøvarsamtalar og lytteverkstadar om musikk. Føretaket vert leia av pianist og førsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen, Annabel Guaita. Serien sin raude tråd denne hausten har vore ei utforsking av korleis musikken, kunsten og litteraturen kan få større meining i livene våre. Gjennom tverrfaglege samtalar er målet å undersøke særleg musikken som kjelde til livskraft, menneskeleg erkjenning og dens helande verkning.