Problem under debatt: Leander Djønne
Velkomen til ein forfattarsamtale om "Oskespiralen" og valden sine konsekvensar.
Gratis - inga påmelding
I Leander Djønne sin mørke debutroman møter vi ein familie som er gjennomsyra av vald og vreide. Oskespiralen er ei forteljing om to brør sitt oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimgarden.
Boka, som Djønne fekk strålande kritikkar for og vart tildelt P2-lytternes romanpris for, skildrar både drap og mishandling og tematiserer skuld og soning, ondskap, hemn og spørsmål knytta til arv og miljø.
Kor utfordrande er det å gjere så fæle hendingar og dystre tema til stor romankunst? Tenkjer Djønne sjølv at han tek opp alvorlege samfunnsproblem i boka? Og kva meiner han om Brandes gamle krav om at litteraturen må sette problem under debatt?
Leander Djønne blir intervjua av programansvarleg ved biblioteket, Erlend Liisberg.
"Problem under debatt" er ein ny arrangementserie frå Voss bibliotek, som undersøkjer kor levande norsk samtidslitteratur er i dag basert på den gamle premissen frå litteraturforskaren Georg Brandes (1842-1927) om at "Det, at ein litteratur i våre dagar lever, viser seg i, at den set problem under debatt". Serien er støtta av Kulturrådets ordning for litteraturformidling.
Relatert litteratur
Oskespiralen
Leander Djønne