Til arrangement

Ragnar Hovland møter Distriktsmusikarane

Musikk og konsert
Vaksne

Ragnar Hovland møter Distriktsmusikarane

Legg til i kalender
Portrett av Ragnar Hovland
Foto: Eli Berge
Portrett av Ragnar Hovland
Foto: Eli Berge
Portrett av Ragnar Hovland
Foto: Eli Berge

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 17. oktober

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Haldast ikkje i biblioteketGamlekinoen (Foajeen)

Når Distriktsmusikarane møter Ragnar Hovland er det først og fremst den siste romanen hans, ”Stille natt”, som står i fokus. Romanen blei utgitt i 2011, og kombinerer det mollstemde med rå humor. Boka handlar om tre brør som ikkje har mykje til felles anna enn at dei er i slekt. Forteljaren er forfattar og ungkar, den andre er traumatisert, medan den tredje er ein familiefar på flukt frå familien på motorsykkel. Opprinneleg var dei heile fem brør, men kvar dei to siste er blitt av er det ingen som veit. NRK sin bokanmeldar Knut Hoem meiner at dette kanskje er Hovland sin aller beste roman. Når den dessutan har ei mengd musikalske referansar, er det berre heilt naturleg at den får den sentrale plassen i forestillinga.

”Distriktsmusikarane møter Ragnar Hovland” er ei framsyning i tekst og tonar, der Hovland les eigne tekstar som musikarane tolkar og stemningsset med utdrag frå ulike komposisjonar. Musikken er anten referert direkte til i dei litterære utdraga, eller den vil gå inn som eit stemningsskapane element. Ord og tonar avløyser og fargelegg kvarandre.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content