Svein Indrelid om utvandrarane

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Gratis

Svein Indrelid held føredrag om boka si Utvandrerne - en norsk familiesaga i Amerika

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 3. april

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Arrangør

I samarbeid med Voss Sogelag
Legg til i kalender

I boka føl me ei lita gruppe menneske som drog frå Noreg våren 1844 med Amerika-skipet Juno. Store og små høyrte mannskapet som song medan dei heiste seil. Det siste glimtet dei fekk av heimlandet var øyene utanfor Bergen. Deretter var dei ute på det opne havet.

No var dei overgitt til bølgene og vinden. I tronge, dunkle rom under dekk blanda etter kvart lukta av oppkast og urin seg med sjølufta som seiv gjennom treveggane. Ville dei overleva denne reisa inn i det ukjente? Dei bar med seg håp om eit betre liv, men også ei nagande tvil om dei hadde gjort det rette.

Utvandrerne er ei saga som tek deg tett på fortidas draumar og verkelegheit – og på korleis det er å byggja livet på nytt i eit ukjent land.