Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett
Føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina
Gratis - inga påmelding
Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?
Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.
Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.
Relatert litteratur
Dårlig nytt fra Østfronten
Hellestveit, Cecilie
Syria
Hellestveit, Cecilie
Ulykkelige Arabia
Hellestveit, Cecilie