A.O. Vinje

Biografiar  •  Vaksne

A.O. Vinje : ein tankens hærmann

Olav Vesaas

2001

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Aasmund Olavsson Vinje (forfattar), 1818-1870
Få personar i norsk kulturliv er på same tid blitt meir utskjelt og tiljubla enn A.O. Vinje. Han dikta og drøymde om land og folk, refsa og spotta det då den unge nasjonen skulle finne seg sjølv. I bladet sitt, "Dølen", streid han med og mot andre framståande menn i tida: Bjørnson, Ibsen, Welhaven, Aasen, Schweigaard og Ueland. Med latteren og gråten på lur skapte Vinje ein personleg og kåserande skrivemåte. Som lyrikar la han etter seg glitrande poetiske perler, og ei meir stemningsfull og samstundes ironisk reiseskildring enn "Ferdaminni" er enno ikkje skriven på norsk. Men fann Vinje fram til seg sjølv? Olav Vesaas leiter etter svaret i denne biografien om ein av dei mest fascinerande og nærgåande skribentane i norsk historie. Utgitt første gong i 2001. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content