Halldis Moren Vesaas (1907-1995) er ein høgt skatta lyrikar, gjendiktar, novellist og barnebokforfattar med ei unik stilling i norsk kulturliv. Ho var gift med den verdskjende forfattaren Tarjei Vesaas, var sjølv ein markant og sentral kulturpersonlegdom og møtte ei mengd av dei norske og nordiske samtidige kunstnarane. Sonen Olav Vesaas (f. 1935) har hatt tilgang til eit unikt kjeldemateriale i arbeidet med denne ærlege og usminka biografien. Mor hans skreiv ned det meste og hadde eit eige arkiv med maskinskrivne tekstar og brev. Boka, som er illustrert med fleire upubliserte fotografiar, skal også syne oss linjene og gje livaktige glimt frå norsk kultur- og mentalhistorie.