Anders Hovden

Vaksne

Anders Hovden : diktarprest og folketalar

Jens Kåre Engeset

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

  • Anders Hovden (forfattar og teolog), 1860-1943
Anders Hovden (1860-1943) skreiv fleire romanar og barnebøker, men er nok mest kjent som lyrikar og salmediktar. Han gav ut fire salmesamlingar og tre preikesamlingar, og stod saman med Bernt Støylen og Peter Hognestad bak Nynorsk Salmebok i 1925. I Norsk Salmebok (1985) er 22 av Hovdens originalsalmar med og 15 av dei han gjendikta. Både i målsak og i teologiske spørsmål var Hovden så markant at det stundom kom protestar når han søkte nye kall. Men når han først var tilsett, vart han ein overmåte avhalden prest. Heile livet var han sterkt engasjert i det frilyndte ungdomsarbeidet, han skreiv talrike artiklar i blad og var ein populær talar. Frå 1931 fekk han diktarløn. Boka fortel mellom anna om venskap med markante personar i samtida, så som Arne Garborg, Johan Falkeberget og Per Sivle. Bibliografi, kjelder og personregister bak i boka. Illustrert i svart/kvitt. Nynorsk tekst.

Utgåver