Det aller meste av det Tor Jonsson skreiv vart til i eit stadig meir uuthaldeleg spenningsfelt mellom det han lengta mot og det han frykta han ikkje ville oppnå, anten det gjaldt eiga kjærleikslykke, allmennmenneskeleg utvikling eller samfunnsendringar. Dess sterkare lengsel, dess større vart også angsten for at det ikkje ville skje. Tor Jonsson (1916-51)tek nakkegrep på stadig nye generasjonar. Hovudårsaka må vere, meiner Kolloen, at han både i dikt og prosa leverer så sterke og ærlege rapportar frå dette spenningsfeltet at han dermed er med på å gi innsyn i vår eigen livsstrid. Dei 36 tekstane i denne boka er alle med på å lyse opp Tor Jonssons diktning, liv og tid. Her er avisartiklar, essay, noveller, petitar og andre døme på Jonssons skrivekunst. Nyn.