Buf-e-kur

Roman  •  Vaksne

Den blinde ugla

Sadegh Hedajat

2002

Originaltittel:Buf-e-kur

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Dette er ein av dei store klassikarane i persisk litteratur. Historia vert fortald av ein plaga mann, ein miniatyrmålar som ein aldri får vite namnet på. Sakte men sikkert vert lesaren dregen inn i ei hallusinatorisk verd der tre motiv stadig kjem tilbake, ei vakker ung kvinne, ein eldre mann og eit sypresstre. Dette er eit av dei mest mystiske, poetiske og makabre verk i det 20. århundre, skrive av ein søkjande forfattar, med eitt bein i sin eigen klassiske kultur og det andre godt planta i europeisk modernisme. Sadegh vart fødd i Teheran i 1903 og tok sitt eige liv i Paris i 1951. Han skreiv forutan hovudverket "Den blinde ugla" også fleire novellesamlingar, prega av den same underlege mørke tonen og ein dragnad mot sjølvmordet.

Utgåver

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram