Jon Hjørnevik har prøvd å flukte frå det meste i livet, mellom anna overbetalte kjedelege jobbar, snille kjærestar som vert for snille, illsinte tyskarar og godt isolerte rekkehus. Det har som regel enda med at han har flukta til eit nytt problem, og dette problemet gjentar seg. No har Jon Hjørnevik for femte gongen rota seg vekk i ei diktsamling.