Våren 2015 vart Steinar Sandnes råka av hjerneslag. Han hadde lenge sett fram til ein aktiv kvardag som pensjonist, men vart i staden liggande delvis lamma i ei sjukehusseng. I denne boka skildrar han det fysiske og psykiske omfanget av eit hjerneslag, og sitt møte med helsevesenet. Han fortel om den harde jobben med å komme seg på føtene igjen, om samarbeidet med sjukehus, spesialisthelsetenesta og det kommunale hjelpeapparatet og verdien av systematisk eigentrening. Boka er retta mot familiar der nokon blir ramma av slag, organisasjonar, opplærings- og behandlingsinstitusjonar, og det kommunale hjelpeapparatet. Omtalen er utarbeidd av BS.