Husmora har sett ein standard for det norske familielivet. Ei sjølvoppofrande mor heime, felles måltid, heimelaga mat, bollebaking, laurdagskos og søndagstur er framleis sentrale ingrediensar i det norske familielivet. Samtidig står husmora for verdiar som mange unge kvinner tek avstand frå i dag. Denne boka tek lesaren med tilbake til 1950-talet, til kvinne- og familieideal som i dag verkar eksotiske. Ei rad kvinner som var husmødrer den gongen, fortel om kvardagen med menn og barn, heim og arbeid, sjølvrealisering og livsmeining. Var 1950-talet eit anna univers, eller er det slik at kvinner framleis er prega av husmorideala frå den tida? Boka er illustrert i svart/kvitt. Hilde Danielsen er etnolog og stipendiat ved UiB. Har kjelder og litteraturliste.