Innlandsbygda Voss er kjent for ekstremsport, Vossajazz og for å aleine ha fleire olympiske medaljar i vinterleikane enn dei fleste europeiske landa. I denne boka skriv ein av bygdas kjente søner, Ole Didrik Lærum, om livet på godt og vondt i ei lita vestlandsbygd. Gjennom si eiga historie om barndom og oppvekst fortel Lærum ei historie om bygdenoreg i etterkrigstida. Boka er full av morosame soger og han skildrar dei som var med på å utvikle staden. Sentralt i skildringa står ein liten og kjenslevar gut som såg og hugsa alt, og som nå fortel om desse minna.