Tidleg ein morgon er det nysnø i hagen og på vegen. Johannes finn mange spor i snøen. Han følgjer ivrig dei ulike sporteikna og lærer seg å lese kva for ærend dei ulike sporgjevarane har hatt. Johannes har ein oppdagartrong som ungar flest har når den første snøen kjem om hausten. Dette er ei forteljing om opplevingar og teikningar av kjende dyrespor i snøen. Biletbok for førskolebarn.