Kvar kjem «kjønn» ifrå? Kvifor brukar vi det annleis i dag enn dei gjorde for 400 og 800 år sidan? Vi møter ordet kjønn heile tida: i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar. Likevel er det ikkje lett å få tak på ordet. I denne boka granskar Fridtun ordet kjønn. Ho går historisk til verks og grev i fortida til ordet. Granskinga av ordet blir eit springbrett til vidare drøftingar av kjønnskategoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur, og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen. Samlinga er samansett av fem laust samanhengande essay, som gjer at vi kjem nærmare det innvikla ordet kjønn, og kjennskap til livet i dei kjønnslege utkantane.