Børre skal snart begynne på skolen og det gler han seg til, men det er eit problem og det er at han ikkje har lært seg å knyte skoa sine. Det må han lære seg om han skal få ein ny sykkel, seier far hans. Det er nokså urettferdig synest han, sidan han har lært seg å sykle. Dessutan har mor flytta heimanfrå og viss ho ikkje kjem heim snart, er Børre redd han blir Børre Borrelås resten av livet. Dette er ei forteljing om vennskap, sakn og det å kunne knyte skoa sine sjølve. Illustrasjonane er lett stiliserte med eit forenkla, naivistisk uttrykk. Nynorsk tekst. Biletbok for førskolebarn/mellomtrinnet.