han og ho flyttar til eit gammalt hus ved havet for å vere åleine saman. Dei nærast flyktar frå dei andre, men angsten for at nokon skal øydelegge tosemda, rir dei begge. Og nokon kjem. "Nokon kjem til å kome" hadde urpremiere på Det Norske teatret i 1996. Stykket var avgjerande for Fosses internasjonale gjennombrot, og er hans mest spelte skodespel.