Norsk litterær årbok fyller 50 år i 2015. I denne jubileumsutgåva skriv Han Skei om kva Norsk litterær årbok har betydd for litteraturforskinga. Årboka inneheld som vanleg litteraturvitskaplege artiklar om likt og ulikt. I denne utgåva skriv Nora Simonhjell, Harald Bache-Wiig og Frode Helmich Pedersen høvesvis om poesi-, prosa- og kritikkåret. Vidare finn du artiklar om Kjell Westø som vann Nordisk råds litteraturpris, om «Brune» som vann Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, diskusjon om kanon, om forfattarar som John Erik Riley, Thorvald Steen og Knut Hamsun.