Opnar døra i språket og går ut

Dikt  •  Vaksne

Opnar døra i språket og går ut : dikt

Helge Torvund
Først utgitt:2023

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

  • Eldre menn
Ein eldre mann opnar døra der han bur ved havet og trår ut på trappa, ut i språket og i lufta som dirrar av lys og lukter. Kvar dag betraktar han verda rundt, kjenner at livet er godt, men slett ikkje ei sjølvfølgje. Ikkje lenger. Noko tenkjer du med språk, anna berre opplever du med ordlaust medvit. Nokre livserfaringar set du ord på, medan nokre vert verande utanfor språket, saman med rådyra og furutrea, elvevatnet og marehalmen.

Utgåver