Multimodale tekstar er ei kommunikasjonsform som kombinerer verbalspråk, lyd og bilete. I Kunnskapsløftet vert multimodale tekstar kalla samansette tekstar, og arbeid med slike tekstar har fått forsterka fokus i denne planen. Boka knyt generell kunnskap om multimodalitet til det konkrete arbeidet i klasserommet. Forfattaren drøftar aktuelle teksteksempel og gir forslag til korleis ein kan arbeide med multimodale tekstar både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.