Peter Andreas Blix

Vaksne

Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst

Gaute Losnegård

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

  • Peter Andreas Blix (arkitekt og ingeniør), 1831-1901
Peter Andreas Blix (1831-1901) var ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar då det moderne Norge vart skapt i siste halvdel av 1800-talet. Men Blix var også ein dyktig kunstnar og ein ivrig talsmann for fortidsminnevernet. Blix bygde kanalar, teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell, kyrkjer og offentlege bygningar, og endå fleire bustadhus som enno pryder villastrøk, sæleg i Bergen. Han restaurerte Håkonshallen og domkyrkja i Bergen og dreiv arkeologiske utgravingar, m.a. i Gamlebyen i Oslo, i Østfold og på Hedemarken. Mest kjend er han likevel for restaureringa av to mellomalderkyrkjer i Vik i Sogn: Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. Denne boka er ein biografi utanom det vanlege. Dei to forfattarane, ein dramatikar og ein historikar, levandegjer livet til Peter Blix på kvar sin måte, slik at lesaren sit att med eit samansett og fascinerande bilete av ein fargerik, energisk og raus mann som har sett mange spor etter seg. Gjennomill. i både farger og svart/kvitt. Litteraturl.

Utgåver