Ei seks år gammal jente blir gradvis meir og meir inneslutta og taus. Ein dag begynner ho å snakke med ein fantasivenn som ho kallar for Tom. Foreldra får høyre at det er eit godt teikn, men dei uroar seg for dottera si. Ho fortel om at Tom er ein streng, aggressiv og skremmande leikekamerat. Det tar ikkje lang tid før Tom begynner å bestemme over henne, og familiens verden blir full av redslar. Samtidig begynner ei anna historie med eit underleg lysfenomen i Bodø i 1902. Ein murar fyller lommene med stein og vadar ut i Vågøyvatnet, og ein psykiater blir tvungen til å søke avskjed frå asylet. Omtalen er utarbeidd av BS.