Stian skal til frisøren for å bli fin til skoleavslutninga. Mor går og handlar, og Stian finn ein fin frisyre i eit blad, og seier at slik skal håret klippast. Resultatet blir særs originalt, og ein nøgd gut og ei forvirra mor går saman på skoleavslutninga. Venninna Siv seier han er stilig, og kan hende har tøffe Stian skapt ein ny mote? Eller kan hende det er ei bok om det å vera annleis? Naive, enkle teikningar går fint til stutt tekst sett med store typar. Ei lita bok med smil i.