Reven Ruben

Roman  •  9 – 10 år

Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. 2. Reven Ruben

Roald Kaldestad

2001

Illustratør:
Ella K. Okstad

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Ein katt, ei mus og eit pinnsvin vankar på same kafé, men er svært ulike typar og kjem ikkje alltid godt overeins. Musa blir lokka til byen av Reven Ruben, direktør i eit plateselskap, for å gjere songkarriere. Ho blir blenda av det luksustilveret han omgir seg med, men dei to venene hennar avslører han. Til å byrje med trur ikkje musa noko på dei, men då Reven Ruben let sekretæren sin, frøken Söllrew, syngje for publikum med opptak av musa sin stemme, og dette blir avslørt når katten kuttar straumleidninga, då skjøner musa at ho er blitt lurt. Figurane i boka er karikaturar, samstundes har dei trekk frå det dyret dei er. Sammenstillinga gir ein humoristisk effekt og parallellen til mellommenneskelege tilhøve gir stoff til ettertanke. Dialogar og skildringar er fyndige og treffande. Illustrasjonane i svart/kvitt står godt til teksten. Cappelen, 2001.

Utgåver

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content